PHOTOGRAPHY
Industriell fotosafari
Eg går inn på det nedlagde Smelteverket ein søndag formiddag i mars 2004
Denne teksten skreiv eg i 2004, nokre år før eg kom på at eg skulle skriva romanen Fabrikken, om nettopp denne fabrikken. Det var ein søndag formiddag i mars 2004 at eg med bankande hjarte og fotoapparat i handa på ulovleg vis tok meg inn på fabrikkområdet til den nedlagde fabrikken og begynte å gå rundt der inne og ta bilde.
Dette stuntet gjentok eg ein del gonger dei følgjande åra, og resultatet er blant anna at eg sit med eit ganske omfattande digitalt bildearkiv som viser diverse detaljar — bygningar, rom, maskinar, osv. inne på den nedlagde fabrikken.

Eg går ut frå leilegheita til mor ein marsformiddag i 2004. Sitrande spenning i kroppen, for eg har tenkt på dette ei stund no, og eg er fast bestemt på å gjennomføra det.
Eg går ut i gata utanfor blokka i Bygda, austover mot Smelteverket og oppover i gata mot Nyland, til eg kjem til gangvegen på venstre hand, der eg tar av ned forbi svømmehallen og zinkblokkene. Eg går forbi husa på Nylandsflaten, forbi kalksteinslageret, tenker på den døve skomakaren som ein gong i tida budde og arbeidde der. Det var i den tida då eg enno var ung og hadde sommarjobb på drosjesentralen i Odda.
Så kjem eg forbi Langebutikken, den smale tarmen av eit rom innover i bygget der det ein gong fanst ein kolonialbutikk. Og eg kjem forbi huset til fiskehandlaren, Vaagen. Så svingar eg til venstre ned mot Hjøllo, ned bakken mot brua og forbi huset til fiskehandlaren som i si tid — kanskje for gode 45 år sidan, kjøpte den store laksen som far min fiska ei natt i elva Opo. Eg trur Vaagen betalte ein relativt god pris for den 23,9 kilo tunge laksen. Men eg meiner å hugsa at eg tenkte at han ikkje betalte nok, etter mi meining. Eg var kanskje litt sur for det. Utan at Vaagen på noko slags vis fekk vita om det. At eg var sur på han, meiner eg.
Eg går over den nye Hjøllobrua. Den er så fin og brei. Den nye brua losar meg greitt over der det i gamle dagar låg ei jernbru lik den som i si tid hjelpte folk med å koma over elva ved Vasstun. Men nok om det. I skråninga ned mot elva, var det i mine barndomsdagar ein søppelplass for butikken til Elgar Olsen i Formannshuset. Der tømde butikken hans ubrukte tippekupongar og anna avfall frå butikken. Tanken var vel at avfallet ved hjelp av regn, vind og tyngdekrafta skulle enda opp i elva Opo, som frakta avfallet vidare nedover til fjorden. Slik var det i den tida då eg var ung. Ein tenkte ikkje så mykje på naturvern den gongen.
På staden der avfallet vart tømt står det no ovanfor brua på vestsida eit bedehus. Det er ei sekt eller menighet som eg ikkje kan hugsa namnet på, som held til her. Sikkert med song og halleluja og mykje moro.

Eg ruslar så ubemerka som eg klarer forbi ei dame som kjem frå Hjøllo-sida, snur meg og ser at ho er på veg oppover frå brua mot Nylandsflaten. Eg går til venstre ved enden av brua og stige ned på den austlege elvebreidda.
— Merkeleg, tenker eg etterpå, slik er det berre. Eg må ikke la meg bli sett. Nokon må ikkje sjå meg. Eg er odding, ekte odding, av den sorten som ikkje skal gjera ein katt fortred, som ikkje skal vekka oppsikt. Ikkje sant?
Eg går langsmed elvebreidda. Opo er stor, ser eg. Relativt stor der ho renn som alltid frå sør mot nord. Mot munninga si, ut i Sørfjorden, heilt der nede ved importkaien til Odda Smelteverk. På andre sida av elva ruvar det store, runde taket over kalksteinlageret. Dei høge gjerdet som skal hindra uvedkomande å trengja inn på fabrikkområdet tronar på støypekanten sin kvar ein meter nedover frå Hjøllo-brua. Eit skur er sett opp og er malt grønt, og vitnar om draumar om å fanga storlaks i Opo-elva.
Over det ovale kalksteinslagertaket ruvar toppen av kalkovnen, og lenger mot nord ser eg det raude bygget til ovn 3 og 4, dei to nyaste smelteovnane som vart bygde i forsøk på å berga smelteverket i Odda frå konkurs.

Det er litt rart. Eg tenker at det er litt rart. No når smelteverket er lagt ned. No når ingen lenger er tilsett der. Når ingen sjefar og ingen arbeidarar lenger er på lønningslistene. Korleis er det der då?
Eg går vidare nedover. På høgre elvebreidd, i dei skrå bakkane ved avfallsdeponiet på Hjøllo, som gøymer kven veit kva for kolossale miljøsynder.
Det er ugreitt å gå der, for det er restar av snø i det årsgamle graset, og eg sklir eit par gonger i dei dårlege skoene mine. Eg veit enno ikkje korleis eg skal koma meg inn på fabrikkområdet, men eg er fast bestemt.
Det viser seg at det løyser seg på enklaste vis. For ved brua der smelteverket i gamle dagar hadde ein skinnegang og ein liten jernbane som frakta avfall over frå Odda-sida til Hjøllo-sida, der står det ei tre, ei selje som gir meg all den hjelp eg treng til å klatra og koma meg dit eg vil. Eg heng kameraet over hovudet og rundt halsen, eg løftar venstrefoten alt det eg maktar opp i kløfta på selja, eg drar meg med hendene opp, klatrar vidare på høgd med rekkverket på brua og kjem meg over.

Så er eg der eg vil vera. Kryssinga av smelteverksbrua er ein kritisk fase, men når eg ser meg rundt, kan eg eigentleg ikkje sjå særleg mange mogelege vitne eller personar som kan avsløra meg. Ingen hus, ingen — eller nesten ingen — stader der eg må forventa at det er folk som kikar mot smelteverksbrua denne søndagsformiddagen i mars.
Eg går fort over brua mens eg med alle sansar opne ser mot bygningane inne på denne flate sletta, der smelteverket for snart hundre år sidan — i anleggsperioden 1906–1908, la beslag på det finaste jordbruks- og tomtelandet i turiststaden Odda, innerst i Hardanger.
Då eg kjem forbi den store mursteinsbygningen ved brua, ser eg at det står ein bil parkert ved inngangsdøra, og eg forstår at det er folk her. Folk som, i motsetning til meg, har lov til å vera innanfor gjerdet. — Så tidleg på ein søndag! Men likevel. Det er berre slik det er.
Eg kjem meg fort forbi, og legg i veg i stødig gange mot smelteovnshallen, som er målet mitt denne dagen. Vel inne stansar eg opp og snur meg. Ser rundt meg innover mot den skitne smelteovnen, den digre buken som breier seg og som er dekt med eit tjukt støvlag, spøkelsesaktig.

All rights reserved. © Øivind H. Solheim, forfattar av romanar, poesi, artiklar, essays, kort fiksjon og eksperimentelle skrifter. Kontakt: [email protected].

