Smelteverksprosjektet
Verdien i det stygge
Er det gamle smelteverket verdt noko? Har den gamle fabrikken noko å seia oss?

I ein liten industriby, heilt i enden av ein lang fjord, står restane av det som i nesten hundre år var Smelteverket.
Smelteverket okkuperte det finaste flatlandet i bygda, dominerte staden med store , stygge bygningar, kolossale skorsteinar som spydde ut gassar, støv og røyk.
Mennene på smelteverket gjekk ut av husa sine i grålysinga. Dei hadde ein jobb å passa, ein jobb på smelteverket.
Og dei stod i det, dag etter dag, veke etter veke. Skift etter skift, rundskiftordning, tre skift om dagen, alle dagar, kvardag som helg.
Så var det slutt. Det vart stille. Smelteverket gjekk konkurs. Verket var lagt ned. Alt var slutt.
Tilbake stod bygningane. Mørke, tause bygningar i ein stillare by.
Stemmer begynte å snakka. Irritasjonen fekk stemmer, snakket gjekk, tolmodet minka.
Riv heile skiten. Få det bort, alt saman!
Restane av den gamle smelteverket irriterer, dominerer, tar opp plass.
Det er stygt det er unyttig, det et er berre noko stygt gammalt skrap som ingen vil ha.
Så riv heile skiten. Få det bort alt saman!

Massiv metallmage
Grått og svart støv centimeter på centimeter ein broten skinnegang ein haug med residu Vitnar om varmen som ein gong var her i smeltehuset der mennene hadde arbeidet sitt tente til hus og heim
Han var ein mann berre en mann av kjøt og blod Han hadde ei jente som han var glad i Han var berre ein heilt vanleg mann i smelteverket sitt faste grep

Vetle Lars + vetla Kari
Han gjekk rundt her inne i for store støvlar talde timane til skiftet skulle ta slutt Han visste at der heime venta ho berre på han

Spydet i stativet
Spydet i det opne holet Elden brenn raudt Helvetestemperatur helvetes varme Skiftet nærmar seg slutten

Kvilebua
Opp ei trapp inn ei dør Ein halvtime kanskje i ly, i fred tenker på henne Tenker på det heime Varme seng

Har kontroll
Han har kontroll styrer det vesle som er her inne Skiftet i natt og til morgonen renn Han er formann ansvarleg for det vesle som er

Å ha kontroll
Det er det det handlar om Kontroll i natta på skiftet inntil lyset kjem og vi kan skru han av helveteselden i metallbuken der borte

I ring
Skinnegangen rundt i sirkel vaggane glir sakte rundt og rundt Blir fylte med flytande masse lyser raudkvitt i hallen Morgonlyset utanfor — er det lenge til skiftet er slutt?

Nye tider
Den nye maskinen lettar arbeidet skjermar mot varmen Eit vidunder når mannskapet slit Nye tider nye krav Ingen veit kva som kjem

Kva skjedde inne på fabrikken? Korleis var det å leva i denne byen? Korleis var det å ha denne gamle fabrikken som ein viktig del av livet sitt?
Kva er stygt? Kva er pent? Kva er vakkert?
Kva betyr det som vi ser framfor auga våre?
All rights reserved. © Øivind H. Solheim, forfattar av romanar, poesi, artiklar, essays, kort fiksjon og eksperimentelle skrifter. Kontakt: [email protected].
