FRAMTID
Er mennesket ein struts?
Vi lever i eksepsjonelle tider. I løpet av dei siste 700 000 åra har planeten aldri hatt så høgt nivå av karbondioksid i atmosfæren. Vi har ei klimakrise, men treng vi bry oss?
Går rundt her i livet mitt
leitar i fred og ro
søker næring for kropp, kjensler og tanke
Kanskje ikkje svolten på mat
kanskje litt forelska i ei eg såg
lenger nede her
.
Spaserer rundt i solskinet
har det ganske bra
Livet er ikkje så verst
når himmelen er blå
og ingen ting hastar
ingen ting ventar på å bli gjort
.
Går her og tenker ikkje så mykje
på dei store verdsproblema
dei store utfordringane
- dei får andre ta seg av
For vi har tross alt nok med vårt
- har vi ikkje?
Del gjerne! :)
Øivind H. Solheim er ein norsk forfattar og naturfotograf som skriv skjønnlitteratur, essays og artiklar som kan hjelpa andre å forstå livet, andre menneske og seg sjølv. Solheim har gitt ut seks romanar, tre sakprosa-bøker og ei diktsamling.
Du kan gratis lesa innhald på Medium.com ved å registrera deg her.
Du kan bli medlem av Medium og støtta forfattaren med referert medlemskap. Medlemskontingenten din støttar direkte Øivind H. Solheim og andre forfattarar du les. Du vil også få full tilgang til alt innhaldet på Medium: https://oivind47.medium.com/membership






