LIFE
Eit hav av tid
Hende det noko spesielt i livet mitt då eg vart pensjonist?
Denne artikkelen vart først skriven og publisert på engelsk på medium.com 15. mars 2018. Dette er ein redigert versjon (oktober 2021).
English: Oceans of Time

Skjedde det noko spesielt i livet mitt då jeg nådde pensjonsalderen i Norge, 67 år? Eg meiner — hende det noko grunnleggande, banebrytande med meg? Var det ein overgang til noko heilt nytt og annleis i livet mitt? Eller var det rett og slett slik at livet berre heldt fram, litt annleis, men det same livet, stort sett i dei same spora?
Nesten heile livet har eg brukt tida mi på å jobba, meir eller mindre systematisk og målretta. Først ca. 20 års utdanning (skule- og deretter universitets-studiar for å kvalifisera meg for arbeid). Så lønna arbeid i ca. 40 år, frå 1974 til 2014.
Å vera i full jobb betydde for meg liksom for alle andre at eg har brukt ein stor del av tida mi til å gjera jobben for arbeidsgjevaren min, som har “eigd” meg i denne tida. I tilfellet mitt var arbeidet undervisning, dei fleste åra som lektor i vidaregåande skule, 7,5 timar om dagen, fem dagar i veka.
Og så skjedde dette for litt meir enn seks år sidan — eg slutta å jobba. Eg kan ikkje seia at dette kom uventa, det var snarare planlagt og forventa. Men nesten i løpet av natta endra rammene for livet mitt seg. Eg var plutseleg i stand til å bestemma over tida mi sjølv. Heile tida, kvar dag, kvar time i døgnet kunne eg bestemma korleis eg skulle bruka tida; eg kunne bruka tida mi til dei private og familieorienterte formåla som eg sjølv ønskte å prioritera.
— Ja, denne nye, ukjende fridommen! — Denne enorme forandringa!
Eg har det litt på avstand no, men i starten trur eg at eg var litt nummen, litt slått ut. — Kva skulle eg gjera med all denne tida, med denne nye fridommen eg hadde fått opp i fanget?
Det tok litt tid før eg klarte å landa i denne nye tilstanden. Tok litt tid å finna ut av det. — Var livet nesten slutt no? Ferdig i arbeidslivet, ferdig med så mykje i livet?
Den første tida var litt uvant. Dagar som var ustrukturerte, då eg ikkje visste kva eg kunne gjera med desse dagane, all denne tida eg plutselig hadde fått i fanget. Men eg klarte å ta det ganske avslappa, litt tilbakelent. Eg ville sjå kva som etter kvart kom.
Den første tida etter at eg var ferdig med å jobba var litt rotete. Eg hadde sjølvsagt sett det koma, men eg kan ikkje seia at eg hadde laga meg ein strategi for korleis eg skulle handtera det. Dei første vekene etter at eg blei pensjonist, opplevde eg på ein måte litt motstand i meg mot dette nye. Dette ordet — pensjonist — var eit ord inni meg som eg, ubevisst prøvde å skuva vekk. Og dette var sannsynligvis eit symptom, ein indikator på at ikkje alt var i orden med meg.
Dei første vekene etter at eg slutta å jobba sov eg vanlegvis lenge om morgonen. Det var som et fjell med søvn som eg hadde behov for å klatre opp på og gjera til mitt. Det var ikkje så veldig dramatisk. Av og til tenkte eg på det. Dette skulle vera livet mitt heretter, utan ein arbeidsplass å gå til, og all denne tida eg ville ha til rådvelde! Kva skal eg fylla denne tida med, dette udefinerbare tomrommet?
Det var i grunnen ingen stor dramatikk knytt til dette. Ingen ting var uforutsett, ingen ting kom verkeleg uventa på meg. Eg kunne gi meg sjølv den sjeldne luksusen å kjøla det heile ned, berre la tida gå sakte av garde og la sinnet og kroppen flyta i tida, akkurat slik det passa meg. Om morgonen kunne eg vakna; kanskje høyrde eg at dei andre stod opp og gjorde seg klare til å møta den nye dagen, på jobb eller skule. Eg kunne ligga i senga, sova vidare der, la meg gli inn i den milde og mjuke morgonsøvnen. Eg kunne ta ei bok frå nattbordet og lesa vidare frå kvelden før. Eller eg kunne plukka opp telefonen eller datamaskinen og sjekka nyheitene og e-post. Det var ingen brå overgang.
Faktisk var det ein behageleg langsam prosess, denne overgangen til å leva innanfor nye tidsrammer. Gammalt liv, nye rutinar. Eg kunne stå opp, ta på meg ein treningsdress og gå eller springa ein tur. Eller eg kunne sykla til Hordvikneset og over brua. Eg kunne ta bilen og køyra ein stad, finna på noko banalt eller noko nytt å gjera. Som å gå tur i byfjella sammen med likesinna i regi av turlaget, eller køyra til kjøpesenteret og trilla ei vogn på lykke og fromme mellom reolane og stativa inne i det store supermarkedet, og til slutt gå gjennom kassen til bilen med handleposar tunge av drikke og mat.
Det tok litt tid å venna seg til dette nye livet. Om morgenen var eg den einaste i huset. I mange timar var huset tomt for dei som vanlegvis skaper liv der, bortsett frå meg, som ikkje lenger hadde noko å gå til der ute, som jobb eller skule.
Eg skal innrømma at det var nokre timar som enkelte dagar kunne verka bortkasta. Eg kunne gå frå rom til rom, eg kunne stå i stova og sjå ut over fjorden, eg såg det grå skylaget over landet lenger nord, eg såg at det låg litt snø på fjelltoppane. Eg kunne setja meg på kjøkenet, trekte kaffi, tok meg litt formiddagsmat. Ja, eg innrømmer det, eg var i ein periode på grensa til å kjeda meg, eg hadde ikkje meiningsfylte alternativ til å bla ned og opp på nettsider på jakt etter siste nytt.
Det tok litt tid før eg såg det klart. Eg var komen til eit stadium, til ein stad i livet der rammene hadde endra seg mykje, og der kanskje den største og mest merkbare endringa var tid.
Og jeg gjorde ei interessant oppdaging:
Eg fekk klart for meg at tida var der for meg, og at ting ikkje hasta like mykje som før. Eg innsåg at eg hadde hav av tid framfor meg og rundt meg. Eg hadde faktisk kome til eit punkt i livet eller ein tilstand der eg rett og slett var privilegert!
Ha en fin dag! :)
Friend link:
https://readmedium.com/eit-hav-av-tid-a929ae0541f0?sk=e98a0310599d7f86f2daea46624025f7
Del gjerne!
10/2021© Øivind H. Solheim —
Øivind H. Solheim er ein norsk naturfotograf og forfattar som skriv skjønnlitteratur, essays og artiklar som kan hjelpa andre å forstå livet, andre menneske og seg sjølv. Solheim har gitt ut fem romaner, to sakprosa-bøker og ei diktsamling.
Bli medlem av Medium og støtt forfattaren med referert medlemskap. Medlemskontingenten din støttar direkte Øivind H. Solheim og andre forfattarar du les. Du vil også få full tilgang til alt innhaldet på Medium: https://oivind47.medium.com/membership






