FUTURE
Det viktigaste som trengst for global rettferd og velferd
Det er der heile tida, men vi snakkar altfor sjeldan om det: den viktigaste grunnen til urettferd og fattigdom i verda
Kva er den viktigaste grunnen til urettferd og fattigdom i verda?
Det er at samfunna er rigga til fordel for enkelte individ, folk og folkegrupper,
og at verda har eit økonomisk system basert på fri konkurranse, egoisme og framdyrking av ulikskapar mellom menneske sine levekår.
Sterke krefter i alle land arbeider dagleg utrøytteleg for å bevara og forsterka ulikskapane og det urettferdige økonomiske systemet.
Dette urettferds-samfunnet blir halde oppe av nokre mytar om at ulikskapar og urettferdig fordeling av ressursar og privilegiar er nødvendige for å oppretthalda velstanden i verda.
Globale inntekter og ulik fordeling av formue, 2021

Dei rikaste 10% av verdas befolkning tar for tida heim 52% av inntektene. Den fattigaste halvdelen av verdas befolkning? Vel, dei tener berre 8 %.
I gjennomsnitt vil ein person frå dei øverste 10 % tena $122 100, mens ein person frå den nederste halvdelen vil tena berre $3 920.
Og når det gjeld formue (verdifulle eigedelar og gjenstandar ut over inntekt), er gapet endå større. Den fattigaste halvparten av verdas befolkning eig berre 2 % av den globale summen, mens dei rikaste 10 % eig 76 % av all formue.
Source: https://www.weforum.org/agenda/2021/12/global-income-inequality-gap-report-rich-poor/
Kva er årsakene til at global ulikskap og urettferd framleis dominerer i dag?
Eit Google-søk gir følgjande 11 årsaker til global fattigdom:
11 viktigaste årsaker til global fattigdom
(https://reliefweb.int/report/world/11-top-causes-global-poverty)
Rundt 8 % av befolkninga i verda lever i ekstrem fattigdom — men veit du kvifor? Vi ser på 11 av dei viktigste årsakene til global fattigdom.
Å leva for mindre enn 2 dollar om dagen kjennest som eit umogeleg scenario, men er ein realitet for rundt 600 millionar menneske i verda vår i dag. Omtrent 8 % av menneska i verda lever i ekstrem fattigdom, vanlegvis definert som å overleva på berre $1,90 per dag, eller mindre.
Det finst nokre gode nyheiter: I 1990 var det talet 1,8 milliardar menneske, så det er gjort alvorlege framskritt. Mens mange lurer på om vi verkeleg kan få slutt på ekstrem fattigdom, trur vi i Concern at slutten ikke bare er mogeleg — men mogeleg i vår levetid. Det finst inga “trylle”- løysing på fattigdom, men å forstå årsakene er eit godt første skritt. Her er 11 av desse årsakene, fullstendig revidert for 2020.
1. ULIKSKAP OG MARGINALISERING 2. KONFLIKT 3. SVOLT, UNDERERNÆRING OG VEKSTRETARDASJON 4. DÅRLEGE HELSESYSTEM — SPESIELT FOR MØDRER OG BARN 5. LITE ELLER INGEN TILGANG TIL REINT VATN, SANITÆRANLEGG OG HYGIENE 6. KLIMAENDRINGAR 7. MANGEL PÅ UTDANNING 8. DÅRLIG OFFENTLEG ORGANISERING OG INFRASTRUKTUR 9. MANGEL PÅ STATLEG STØTTE 10. MANGEL PÅ JOBB ELLER LEVEBRØD 11. MANGEL PÅ RESERVAR
Men til grunn for desse 11 årsakene til verdsomspennande fattigdom ligg det ein samlande faktor, ein grunn til den krisa som verda er i:
Trua på at den reindyrka kapitalismen dei frie markedskreftene er det einaste rette økonomiske systemet for verdssamfunnet.
Dette systemet sikrar økonomisk og politisk makt i hendene på politiske elitar som påverkar så å seia alle viktige avgjerder.
Er dette eit rettferdig samfunn?
Kvifor er det “rettferdig” at enkelte kan samla makt og midlar nærmast uavgrensa, mens andre må streva kvar einaste dag for å overleva?
Mange av dei kapitalistiske samfunna er bygd opp på løgner, illusjonar og ei tru på at det er ‘rettferdig’. I lang tid har folk kjempa for og sementert trua på at dette er ‘det gode samfunnet’. Saka er at dette samfunnet kan vera veldig godt for nokre få, “til å leva med” for store grupper, men urettferdig for mange.
Dersom vi ser på statistiske fakta, framstår det som opplagt at det er djupt urettferdig at dei rikaste 10% av verdsbefolkninga eig 76 % av all formue, mens den fattigaste halvparten av verdas befolkning eig berre 2 % av den globale formuen.
Det er meir enn opplagt at for å takla dei store utfordringane som verdssamfunnet står overfor, trengst det kraftige reformer og forbetringar i måten vi organiserer det økonomiske systemet på.
Ein større del av ressursane og verdiane i samfunna må under større statleg og samfunnsmessig kontroll, kanskje etter modell av ein del europeiske sosialdemokratiske samfunn.

Øivind H. Solheim — forfattar og naturfotograf. Skriv på norsk og på engelsk: romanar, noveller, kreativ kortprosa, dikt, essays og artiklar. Har gitt ut seks romanar, to sakprosabøker og ei diktsamling.
Du kan bli betalande medlem av Medium og støtta forfattaren Øivind H. Solheim med referert medlemskap. Ein del av medlemskontingenten din ($5.00/mnd) går då direkte til Øivind H. Solheim. Du vil også få full tilgang til alt innhaldet på Medium, dvs. titusenvis av forfattarar og millionar av tekstar: https://oivind47.medium.com/membership






