KREATIV SKRIVING
Tradisjonell desemberfeiring rundt om i verden
“Blue Insights Cultural Prompt” — desember 2020
Desember er månaden då dagen i vår del av verden er som mørkast.
Desember er månaden med vintersolverv. Vintersolverv på den nordlege halvkula finn stad i desember kvart år, men datoane varierer frå 20. til 23. desember. Dette er tida då sola “snur”, og dagane framover vil sakte bli lengre.
Det er tida då vi held oss innandørs for det meste.
Kva står desember for?
For mange er desember synonymt med jul.
Som barn minnest vi denne tida av året som ei tid med kulde og snø, mykje snø. Det var mørke og lys, det var julepynt, skulefri, og innetid. Og gåver, og tid saman med søsken og foreldre, denne heilt spesielle julestemninga.
Desember er den tida på året då folk sender fine julehelsingar til kvarandre, det er skikkeleg julestemning og det må vera lys av alle slag som blir tende over alt. Og sjølvsagt julemusikk.
Jul betyr mykje forskjellig, men mest av alt betyr det fritid for å samla både seg sjølv og familien. Jula er ei tid då du bremsar ned, trekkjer deg litt tilbake og tar vare på familie, venner og deg sjølv. Vi koser oss med tradisjonell mat, har fri frå jobb og tid til det som verkelig betyr noko i livet.
Desember er ein månad med mange lys — og det er ei tid som nesten alle har eit spesielt forhold til.
— Kva betyr desember for deg?
Her er skriveutfordringa frå Blue Insights for desember 2020:
“Dette er kva desember betyr for meg”

Dersom du vil skriva og publisera teksten i Blue Insights:
“Kvart bidrag skal innehalda nederst ei lenke til denne ledeteksten i tillegg til tre obligatoriske ‘tags’: ‘Blue Insights’, ‘Cultural Prompt’ og ‘Writing Prompts’.
‘Friends link’ til denne artikkelen på engelsk:






