FIKSJON
Tellus 89
Forlaget sin baksidetekst: Dette er Øivind H. Solheims første roman etter debuten med “Stupet” i 1978. Her presenterer forfattaren eit høgaktuelt materiale: kapprusting, fredsrørsle og atomkrig. Boka er ein framtidsroman som spår at den altøydande verdskatastrofen skjer ved utgangen av dette tiåret.

“I det same eg såg opp mot himmelen, kom det eit blaff av kvitt lys, og dei grøne trea i hagen vart brune som døde tre.” Ikuko, fem år gammal jente. Hiroshima.
KAPITTEL 1
6. august 1945 klokka 00:08.16 eksploderte den første atombomba som blei kasta av menneske mot menneske. Tre dagar seinare fall den neste. USA hadde brukt dei to atombombene Little Boy og Fat Man til å stilla Japan mot veggen. Hiroshima og Nagasaki var utsletta, bortimot to hundre tusen menneske var døde eller døyande.
Dagen etter kapitulerte Japan, den andre store krigen i det 20. hundreåret var over. Krigen mot den nazistiske varianten av fascismen var slutt, saman med Sovjetunionen hadde vestmaktene slått den totalitære trugselen tilbake. Ingen kunne seia sikkert kor mange liv det hadde kosta. Tretti år etter krigen slutt opererte historikarane framleis med svært vage tal. mellom 25 og 50 millionar døde.
Krigen var over, freden begynte. Dei herja verdsdelane var prega av optimisme, håp. Som alltid etter ein krig var oppgåvene mange, befolkningane såg instinktivt framover og stod saman om å byggja ei tryggare framtid. — Aldri meir, var refrenget aldri meir krig.
Tellus 89 er Øivind H. Solheim sin andre roman, publisert første gong på norsk i 1982. Denne dystopiske framtidsvisjonen vart skriven på slutten av Den kalde krigen. Romanen skildrar det som aldri må henda, ein atomkrig på jorda.
Øivind H. Solheim er ein norsk forfattar og naturfotograf som skriv skjønnlitteratur, essays og artiklar som kan hjelpa andre å forstå livet, andre menneske og seg sjølv. Solheim har gitt ut seks romanar, tre sakprosa-bøker og ei diktsamling.
Du kan gratis lesa innhald på Medium.com ved å registrera deg her.
Du kan bli medlem av Medium og støtt forfattaren med referert medlemskap. Medlemskontingenten din støttar direkte Øivind H. Solheim og andre forfattarar du les. Du vil også få full tilgang til alt innhaldet på Medium: https://oivind47.medium.com/membership
