Ingen veit
- eit dikt om bruer

Ingen veit alt det eg veit
Eg veit ikkje alt det du veit
Verda di er ulik verda mi
.
Vi er ulike og likevel like
Verda di er den same som verda mi
Og likevel ikkje den same
.
La oss snakka saman dela tankar erfaringar og standpunkt
La oss bygga bruer mellom dei ulike kontinenta der vi går
Engelsk versjon:
Øivind H. Solheim er ein norsk forfattar og naturfotograf som skriv skjønnlitteratur, essays og artiklar som kan hjelpa andre å forstå livet, andre menneske og seg sjølv. Solheim har gitt ut seks romanar, tre sakprosa-bøker og ei diktsamling.
Du kan gratis lesa innhald på Medium.com ved å registrera deg her.
Du kan bli medlem av Medium og støtt forfattaren med referert medlemskap. Medlemskontingenten din støttar direkte Øivind H. Solheim og andre forfattarar du les. Du vil også få full tilgang til alt innhaldet på Medium: https://oivind47.medium.com/membership
