LIVET
Ei natt på Øystre Rasletinden
Om å gå topptur i urørt natur
Read this in English.

Korleis ein kan leva livet sitt bevisst, på en reflektert måte
Eg er i den siste fasen av livet mitt. Eg har levd et langt liv og eg veit at eg skal døy, men i det daglege tenker eg ikkje så mykje på det. Eg tenker derimot ein del på korleis eg lever livet mitt, kva eg kan gjera for å leva eit best mogeleg liv.

Det er naturligvis veldig mange ting som speler inn for moglegheitene ein har til å leva eit godt liv. Det handlar blant anna veldig mykje om kven ein er som person, om personlege eigenskapar og genetisk arv, etc.
Vidare handlar det om dei menneska ein har hatt og framleis har nær seg i livet sitt, og ikkje minst alt det ein har opplevd tidlegare. Alle som er godt vaksne har møtt utfordringar, og dei aller fleste har vore gjennom kriser i livet.

Eg tenker at det er viktig for alle å vera sterkt og tydeleg til stades i eige liv. For min eigen del veit eg at eg må vera der for meg sjølv, og for dei rundt meg.
Vi må vera mentalt og emosjonelt til stades for oss sjølve, når vi tenker, når vi les, når vi drøymer, når vi går, når vi ser på TV, snakkar med andre, når vi skriv artiklar, essays dikt og annan fiksjon. Slik ser eg det for min eigen del, og eg har med andre ord eit nokså omfattande indre liv.
Men eg tenker også at det er veldig viktig å ha fokus på andre ting, på det ytre, på det fysiske. Eg minner meg sjølv på at det er viktig at eg er i god form, både fysisk og mentalt.

Eg liker å gå turar i naturen
Eg har alltid likt å gå turar i naturen, og det er no blitt en veldig viktig del av livet mitt å koma meg ut og gå lange turar.
Eg liker å vera ute, av og til langt frå andre menneske, fjernt frå sivilisasjonen.

Eg liker å gå på fjelltoppar.
Eg liker å gå åleine.






Eg liker å kjenna meg nær fjellet, berget, lyngen, vatnet.
Eg liker å pusta den friske lufta på fjellet.






Eg liker å sjå fjella, viddene på høgfjellet, skogane, fjellsidene. Og eg liker å kjenna vinden som riv og slit i kleda mine og regnet som treffer ansiktet mitt. Eg liker å gå ut og kjenna at kroppen fungerer som den skal, og at eg kan bevega meg dit eg vil.
Rasletinden i Jotunheimen
Eg har i det siste tenkt ein del på desse tinga. Kvifor er eg så glad i å gå turar i naturen og særleg å gå lange turer til fjelltopper? Kva gir det meg å koma meg ut av huset og gå langt, å bli litt sliten, og nokre gonger kjenna at eg er på grensa til kva eg kan klara?
Det har hendt at eg har pressa meg og prøvd å flytta litt på grenser i meg, som når eg den eine dagen gjekk ein 3–4 timars tur til ein fjelltopp på over 2000 moh, og i regn og tåke den neste dagen brukte like lang tid ned igjen til sivilisasjonen.
Eg gjorde dette ein august-dag i år, då eg hadde sett meg som mål å gå opp på Rasletinden i Jotunheimen og overnatta i telt der.


På førehand hadde eg nokre veker tidlegare gått ein litt kortare tur i det same terrenget, ikkje heilt opp til toppen, for å gjera meg kjent i området og for å forstå betre kva det ville kreva av meg å gå til denne toppen , overnatta i telt der og gå ned igjen neste dag.
Det var nyttig at eg undersøkte forholda på førehand, for då vart eg mentalt førebudd på kva turen heilt opp ville kreva. Og ikkje minst hadde eg skaffa meg viktig informasjon om stien opp til toppen.


Den første delen av turen frå bilvegen sitt høgaste punkt på 1389 moh over Valdresflya går i relativt enkelt terreng. Det er flatt, mykje stein, litt vatn og ein tydeleg sti som er enkel å følgja. Eg visste på førehand at stien heilt opp til toppen av Rasletinden er godt merka av DNT, og det var ein god informasjon å ha med seg.


Eg planla turen basert på vêrmeldingar som sa at det skulle bli fint vêr med sol denne dagen. Eg visste også at det kom til å regna neste dag, men eg tenkte at dette var den sjansen eg hadde til å gå denne turen og overnatta på toppen av fjellet.


Den daglege tralten, og dei opplevingane som skil seg ut
Kvifor legga ut på ein slik ekspedisjon?
— Livet vi lever er sett saman av mange små episodar, og svært mange av desse er repetisjonar. Vi gjer stort sett kvar einaste dag det same som dagane før, og vi veit nok innerst inne at vi kjem til å gjera det same i dei fleste av dagane som kjem.
I mange tilfelle kan den vera god å ha, den tryggleiken som vanane og vissheita om at vi veit kva som skjer. Vi har alle behov for å kjenna oss trygge og vita kva som skjer i liva våre.

Men ein gong i blant kjem vi til å bryta dette mønsteret, f. eks. ved å reisa på ein helgetur saman med familie eller venner, vi reiser på hyttetur, eller vi reiser på ein årleg ferietur i heimlandet eller til varmare strøk. Dette er svært vanleg blant folk her i landet. Mange reiser fast til ”Syden” på solferie minst ein gong i året.
For min eigen del har eg vendt meg til at eg skal fokusera på å gjera noko som er annleis, noko anna enn det eg gjer i det daglege. Å gå opp på ein 4–5 timars tur opp på ein fjelltopp der eg ikkje har vore før er eit typisk eksempel på eit slikt brot med det rutinemessige.
Sova ute, under open himmel
Eg ønskjer å gjera ting eg ikkje har gjort før, eller ting som eg gjer sjeldan, som f. eks. å gå åleine langt ut i naturen og sova ute, i telt eller under open himmel.
Det siste har eg enno ikkje gjort, og eg tenker at eg skal få det til kanskje neste vår eller sommar, ein dag då vêret er gunstig for det. Kanskje skal eg gjera som ein nabo fortalde om, og gå ut i marka nokre kilometer sør for bustadområdet her og legga meg i lyngen om natta og vera vitne til orrfuglleiken om våren?

Den andre dagen
Å sova i telt på steingrunn på 2000 meters høgde er naturleg nok ikkje veldig komfortabelt. Plassen der eg sette opp teltet var trong, og eg kunne ikkje ligga med kroppen utstrekt. Det vart følgjeleg soving med mange avbrot i løpet av natta, og eg var ut og kika litt på nattehimmelen med stjernedrysset. Lite søvn, ja, men det er jo ikkje for senga og komforten sin del at ein vel å ligga ute i telt.






Vêrforholda i fjellet
Forholda i høyfjellet kan skifta veldig i løpet av kort tid, bl. a. med vind, regn og temperaturfall. Det var eg forberedt på, og eg vakna til tåke og regn neste dag. Det var heldigvis ikke blitt kaldere slik at jeg slapp å gå på glatt underlag ned igjen men jeg var veldig bevisst på at jeg skulle gå forsiktig for å unngå å skada meg, og at eg skulle vera veldig nøye med å følgja vardane og de raude T-ane på stien nedover, ettersom dette var eit område eg ikkje kjende.
Eg såg på vêrmeldinga på yr.no at det skulle bli regn utover dagen, så eg bestemte meg for å begynne å gå nedover igjen straks eg hadde pakka saman teltet og utstyret og fått meg litt mat. Det gjekk greitt å gå nedover, men sikten var veldig dårleg, berre frå den eine varden den til neste. Eg passte nøye på vardane, slik at eg kunne vera trygg på at eg gjekk i rett retning.

Det trygge og vante, kombinert med det nye og uventa
Ved å gå lange turar åleine i naturen opplever eg timar og dagar som vi sjeldan opplever i det rommet vi kallar kvardagane vår, i det vanlege livet vi rutinemessig lever.

Når ein har blitt fri for alle dei pliktene og daglege arbeidsoppgåvene som heng saman det å vera 100% i det yrkesaktive livet, kan det henda ting som er både uventa og veldig positive. Ein kan få eit nytt perspektiv på verda, og på seg sjølv. Å nå denne staden i livet og denne innsikta er eit privilegium der den heldige kan tenka nytt om korleis ein bruker tida si.


Å ta ansvar for eigen situasjon — og draumane sine
Eg er veldig klar over at eg, i den perioden då eg stod midt i det yrkesaktive livet med familie og små barn, ikkje kunne ha planlagt og gått mange slike flotte toppturar som dei eg dei siste åra har hatt høve til å gjennomføra. Men med den rette innstillinga og med god planlegging kunne eg heilt sikkert ha fått til ein del slike turar og opplevd ein del flotte dagar ute i naturen, både saman med familien og åleine.
Nøkkelen til eit rikt og variert vaksenliv ligg først og fremst hos den enkelte, i evna og viljen ein har til å koma seg ut, reisa seg opp frå stillstand og passivitet, og gå i gang med noko som omfattar bruk av kroppen, rørsle, retning og fysisk aktivitet.

Read in English:

Bli medlem i Medium, meld deg på her og få full tilgang til millionar av tekstar av høg kvalitet på Medium. Når du bruker linken min, støttar du skrivinga mi.
Bli medlem i Medium med denne linken: https://oivind47.medium.com/membership

Øivind H. Solheim på Medium
Over 1200 publiserte tekstar på norsk og engelsk
Naturfotograf og forfattar. Har publisert romanar og dikt, skriv skjønnlitteratur så vel som sakprosa: romanar, noveller, dikt, artiklar, personlege essay, turforteljingar, foto-reportasjar og andre eksperimentelle forteljingar.
- artiklar, essays og dikt om livet, kjærleiken og døden
- roman-utdrag, noveller, kortprosa, artiklar, essays og dikt om personleg utvikling, naturen, å leva i parforhold, fred og krig, framtida
