LIVET
Alt gammalt blir nytt
Eit dikt om å leva
Aldri seia aldri
for det kjem alltid noko nytt
det kjem alltid
ein dag i morgon
Alle dagar er ikkje like
sjølv om det kjennest slik
.
Det er heilt vanleg
at vi føler
at ingen ting nytt skjer
at det ikkje er forandring
ikkje framgang
i det vi gjer
.
Men det er
ikkje slik det er
Alt gammalt
blir nytt
kvar einaste nye dag
— også du
Øivind H. Solheim er ein norsk forfattar og naturfotograf som skriv skjønnlitteratur, essays og artiklar som kan hjelpa andre å forstå livet, andre menneske og seg sjølv. Solheim har gitt ut seks romanar, tre sakprosa-bøker og ei diktsamling.
Du kan gratis lesa innhald på Medium.com ved å registrera deg her.
Du kan bli medlem av Medium og støtta forfattaren med referert medlemskap. Medlemskontingenten din støttar direkte Øivind H. Solheim og andre forfattarar du les. Du vil også få full tilgang til alt innhaldet på Medium: https://oivind47.medium.com/membership
